onsdag, september 23, 2009

Hejdå!


No går snart turen til Praha! Har så mange sommarfuglar i magen at det skulle ikkje vore lov. Kofferten er enda ikkje pakka, og her sit eg. Men hade må ein jo seie, må ein ikkje? Men no må eg springe igjen, må pakke litt om. For på storm står der vist at det skal bli fint véir! Er tilbake neste torsdag, 1. oktober. Snakkast folkens!

mandag, september 21, 2009

Tur til Praha!


Onsdagskveld sitt ein flokk tredjeklassingar i bussen på veg til Praha. Sidan dette skjer snartsnart, treng iPoden musikk som kan høyrast på veg ned, i Praha og sjølvsagt på veg heimatt! Viss du har nokon gode songar som er å anbefale, er det bare å slenge dei i kommentarfeltet. Takker fint på forhand! :D

lørdag, september 19, 2009

19.09


Eg føle meg som ein dårleg bloggar, men slik blir det når du har ein del å gjere. Dei siste dagane har det blitt ein del skulearbeid og familiekos. Vi har nemleg besøk frå Danmark, og dette må utnyttast for det fulle. No har eg nettopp komen heim frå jobb, skal legge meg på sofa'n, og har planar om å ligge der til senga kallar. Kva brukar dykk laurdagskvelden på?

tirsdag, september 15, 2009

Smil til verden og verden smiler tilbake


Det blei fire nye år med raud - grøn regjering. Kva mine meiningar er om det, er litt blanda. Er både positiv og negativ til det. Elles smilar verden forsatt fint tilbake, sjølv om skuledagane er litt lange og leksene må bli gjort. No gløymte eg eigentlig kva eg hadde planar om å fortelje dykk i dag, så eg får bare avslutte her. Kva brukar du å gjer når du vil bli glad?

søndag, september 13, 2009

Livet er herlig!


Eg klarar ikkje å la vere å smile. Livet er rett og slett herlig! Etter ei ganske fin helg, avslutta med besøk av ei god venninne, kan ein ikkje gjere anna ein å smile. Trudde det skulle bli lenge til eg skulle skrive dette, men eg følar meg faktisk lykkelig. Livet mitt er bra og gjett om det er ein deilig følelse. Er kanskje litt rart å skrive dette innlegget etter det som har skjedd, men i akkurat desse minutt smiler eg utan at nokon er tilstades. Er det ikkje då ein sei at ein er lykkelig?

lørdag, september 12, 2009



Begravelsen i går var trist. Tårene rann og smilet var der nokre gongar. Sjølv om kyrkja var veldig full, er eg glad eg gjekk. Tårene rann spesielt når mamman og pappaen din reiste seg for å seie nokre ord og når der blei sunge Tears in heaven. Når ein mistar ein venn på denne måten, vil der alltid sitte ein merkelig følelse over deg. Dei fleste hjernane er nok fylt med mange spørsmål, kanskje for mange spørsmål.

torsdag, september 10, 2009

Eit hjarte til minne om deg !


No er eg halvvegs tilbake. Helga hadde eg bestemt meg for bloggpause, men den blei lenger enn planlagt. Søndag skjedde det nemleg noko ingen trudde kom til å skje. Ein person som alle var veldig glad i, gjekk bort. Dette har påverka heile heimstaden, uansett korleis ein kjente han. I morgon er begravelsen og eg gruar meg. Håper du har det bra der du er no, og kjære deg; alle saknar deg! Eit hjarte til minne om deg <3

torsdag, september 03, 2009

Matematikk går meg på nervane

Eg har heile tida vist at eg skulle ha matematikk som fag på påbygg. Eg viste eg kom til å måtte jobbe med faget for å få det til, men at eg skulle bli så irritert fordi eg ikkje fikk det til, trudde eg aldri. Heilt sidan eg kom heim i dag har eg jobba med matta. Og hjernen har jobba så hardt at eg tilslutt var så varm at vindauge måtte opnast. Så dykk som er flinke i matte, ver evig glad for det! For at humøret difor skulle bli litt betre, fant eg fram gelé med markjordbær og miksa den. Som regel skal den stå evig mange timar inni kjøleskapet, men no har dei funne opp ein som bare tar 45 min(!). Og jammen funkar det!

tirsdag, september 01, 2009