fredag, juni 26, 2009

Framme i Danmark!

Fikk ikkje noko internett hos farmor og farfar, så sit no hos nokre venner! Heldigvis bur mamma her, så kan bare gå bort her for å blogge. Turen ned var lang, sidan vi måtte stoppe kvar gong veslebror var vaken. Men i går kom vi ned, og vi har det knall! Sola skin og varmen er her! Men no er det mat, vi er nemleg hos nokre venner av oss! Korleis går det heime i Noreg?

mandag, juni 22, 2009

Enda ikkje ferdig til avreise


Klokka er 22:36 og eg burde vel tenkje på å finne senga. Vekkerklokka ringer klokka 05:30, og søvn treng ein alltids. Pakkinga er endå ikkje ferdig og mp3'en er ikkje ferdig lada. Føler ditta blir ein sein kveld! Håpar dataen blir med til Danmark, men veit ikkje om der er internett. Kjem heim 13. juli, så om der ikkje er internett blir det ingen blogging før den tid. Håpar alle får ein fin ferie om ikkje! :-)

søndag, juni 21, 2009

Det skjer på tysdag!


På tysdag startar ferien for fult! På tysdag set vi oss i bilen for å køyre til Danmark, som vi alltid gjer. Sidan vi flytta frå Danmark i -94 har vi vore i Danmark kvar sommar. Med eit unntak sommaren -08, då var det haustferien. Flybilletten heim er bestilt, bankkortet er fylt opp, sommarfuglane er på plass og faktisk så ser det ut til at vi får ganske bra véir, igjen! Einaste som manglar pakkinga. Den har eg endå ikkje byrja på. Som regel har eg vore ferdig pakka fleire dagar før turen startar, men slik er det vist ikkje denne gongen! Så, fortel meg kor du skal på ferie?

lørdag, juni 20, 2009

Over og ut, frå Sal og Service


I dag, eller rettare sagt i går, var det siste skuledagen min på Sal og Service. Ganske deilig følelse, samtidig som det er litt trist. Ingen fleire diskusjonar, ikkje meir samarbeid, ikkje meir kortspeling i friminutta (les; timane) eller ingen fleire youtube filmar. Blei delt ut ein del "god sommar klem" og blei heldigvis ingen tårer. Så no folkens er det sommarferie, og vi tel ned dagane til Danmarkstur!

På nedste bilde ser dykk forresten korleis det går når du ber ein gutt om å ta eit fint bilete.

torsdag, juni 18, 2009

Lat oss dra tilbake i tid, i nokre dagar



I desse dagar blir bileter frå 10. klassingane si avslutning lasta opp på facebook. Og medan eg blar igjennom nokre av bileta merkar eg at eg saknar ungdomsskulen. Spesielt 10.klasse, eit år som kjem til å sitte resten av livet. Eit fantastisk år der så mykje skjedde, så mykje fint. Så etter å ha gått igjennom alle klassekameratane sine ungdomsskule bileter på facebook, strøymer minna til. Herre så mange koselige minner! Juleball, klasseturar, lærarane, spesielle timar og mykje meir. Håpar verkeleg -91 kullet kjem til å samlast ein vakker gong, for den gjengen har verkeleg vore med på å skapt tre fantastiske år!

onsdag, juni 17, 2009

Nye lesarar?!


Eg har i det siste fått ein del nye lesarar, og tenke difor at eg skulle blir betre kjent med dykk! Så medan eg er opptatt med å reise i familiebursdag, kunne dykk skreve litt om dykk sjølve?! :-)

mandag, juni 15, 2009

Eit ansikt utan fregner, er som ein himmel utan stjerner


Er det ikkje slik ein sei? Fregner er søtt, men av og til er det bare irriterandes. Spesielt når sola skin for fult, og eg blir hundre fregner rikare. Då kan eg fint leve utan dei. Men slik blir det nok ikkje. Er dei først komen, blir dei der. Bildet har eg gjort litt mørkare, slik at fregnene mine kjem meir til syne. Kva syns du om fregner?

søndag, juni 14, 2009

Kan nokon ver så snill å fortelje meg kvifor sola ikkje skin her?


Etter eit nytt besøk hos frisøren, er eg no meir fornøgd. Og kvifor har vi forresten ikkje sol her? Vi er komen til den 14. juni og sola er her bare ei lita stund. Varme har vi heller ikkje. Ny trekning i munnleg i morgon, skyt meg om eg kjem opp. Elles blir det Ivar Aasen - tunet om vi ikkje kjem opp. Scrappinga går som smurt, utan om at eg manglar litt kreativitet akkurat no. Ansiktsmaske og boklesing står for tur, godt å få tømt hjernen no før det er sengetid. Natta!

lørdag, juni 13, 2009

I kveld har eg ..

.. tatt brede av alle bøkene, lykke!

.. sortert alle arkene frå 2SSA og funne fram alle bøkene som skal inn.

.. funne fram all scrap-book tinga, no blir det scrapping for alle penga!


Elles i dag har eg sett Eid-Aafk, sett på flybillett, danskebåt billettar, spist godt mat og elles bare rydda. Er faktisk første helga på evig lenge eg ikkje har hatt noko å gjer innanfor skulearbeid. Utrulig deilig! Driv du med scrapping?

torsdag, juni 11, 2009

Det er deilig når du trur det skal gå rett vest, men så snur det og blir lykke!


Eg kunne no ha skrevet ei heil bok om kor glad eg er. Trur ikkje lykka har vore så stor sidan.. Ja, veldig lenge sidan! Smilet går frå øyre til øyre, og eg er nesten overglad. Dagen eg trudde skulle bli den verste dagen i mine to sal og service år, blei altså den beste. Det heile starta med at mitt namn ikkje blei ropt opp under dagens munnlege trekning, så gjekk tverrfagleg eksamen over all forventning og eg bestod Cambridge eksamen (den eg hadde i mars)! No hoppar eg i seng, for i morgon er det enda ei munnleg trekning. Kryss alt som kan kryssast for at eg ikkje kjem opp!

onsdag, juni 10, 2009

mandag, juni 08, 2009

Heldigvis går det som regel bra til slutt


Bestemte meg for å gå ned igjen på frisørsalongen for å få ny time, og heldigvis var der en ledig på fredag. Kva som blir gjort då, får ein bare vente å sjå. Har faktisk ingen idé om kva som kan gjerast for å få det til å sjå betre ut. No skal eg bare hoppe ned i slaskekleda, for å så trene litt, lese ferdig boka eg begynte på i går, rydde litt også rett i seng. Det tar nemleg på å lage problemstilling i tre dagar. Viss dykk har hatt eksamen, kva var dykk opp i?

søndag, juni 07, 2009

Det går som regel aldri heilt som du vil


Etter frisørtimen i går var eg fornøgd, i dag er eg ikkje så fornøgd. Syns fargen blei litt for kobberfarga, så trur eg kanskje skal inn igjen. Dessutan viser stripene ein del meir på den eine sida enn den andre, noko eg sjølvsagt ikkje klarar å la vere å irritere meg over.

fredag, juni 05, 2009

Kva skal ein gjere, når ein verkeleg ikkje veit kva ein vil gjere?


I morgon blir det frisørtime på meg. Då skal håret bli nytt, og ein stykk Eline skal bli glad. Eg ber til høgare makter om at eg slepp å komme ut av frisørsalongen med munnen nedover. Dessutan er det åtte dagar sidan eg brukte sminke sist. Ganske uinteressant tenkjer du no, men livet mitt er nok veldig keisamt for tida. Har du nokon gong gjort noko spennandes med håret ditt?

torsdag, juni 04, 2009

Korleis skal tverrfagleg eksamen gå denne gong?


Tverrfagleg eksamen er no i gong og gruppene er trekte. Korleis skal dette gå? Heldigvis er gruppa mi bra, så kanskje dette kjem til å gå bra!? No sit vi å lagar problemstillingar, noko som eigenleg ikkje er så enkelt. Kva oppgåver vi velje? Kva av kompetansemåla skal vi velje? Heldigvis har vi to flinke lærarar, ein del med bøker og gamle prosjekt vi kan titte innom.

mandag, juni 01, 2009

Sidan sist ..

Sidan sist har eg ..


.. sett damelaget spilt kamp mot Sogndal

.. vakna til sol kvar dag

.. sove ute to netter

.. spist god mat


og sykla 43,6 km, blitt solbrent, hatt besøk av gode venninner og tatt alt for lite bilder. No er det 1. juni og ei ny veke. Kjenner det har vore godt med helg og gledar meg enda meir til at sommarferien no skal byrje for fult!