fredag, februar 27, 2009

Travle dagar


Tilbake tilbake tilbake. Dei siste dagane har gått til fotball, trening, jobb og passing av søskenbarne mitt på sju. Tenkte at dykk ikkje syns dette var så spennandes å høyre på, difor ingen blogging.

Har du opplevd at du står der, skal finne noko å ta på deg, men ikkje orkar å ta på deg noko av det som ligg/heng forran deg? Vel, min dag kom fredag i sist veke. Difor tok eg og søtaste Veronika oss turen til Moa i går. Kan sei at bankkortet mitt fikk sin trim i alle fall. Buksa og t-skjorta er noko av det eg plukka med meg heim i går, resten kjem vel sikkert seinare.

tirsdag, februar 24, 2009

Ilt frå botnen av



Ein veit ikkje kva ein har før det er vekk, og no gjer det ilt heilt frå botnen av. Kvifor går ikkje saknet vekk? Og kvifor har eg ein kjensle, som eg ikkje klare å slå av?

søndag, februar 22, 2009

Effektiv søndag


Ein skikkelig effektiv søndag! Opp klokka åtte for å bake med søskenbarnet på sju år, så til byen for å lage til lunsj med søtaste Malene for fotballgutta våre, for og så reise heim å reise i bursdagselskap til verdens beste pappa. Men eg likar når søndagane er slik, når ein har noko å gjer heile tida.

Samtale mellom mamma og meg.
Mamma - Du Eline?
Meg - Jaa?
Mamma - Du kunne vel ikkje tenke deg å vere fadder for Daniel vel?
Meg - Seriøst? Jaaaaa !

Hihi, fadder for verdas søtaste gull. Er du fadder på nokon?

lørdag, februar 21, 2009

UKM gåsehud



I dette innlegget her, sa eg at dykk skulle få sjå ein video frå UKM. Den videoen kjem no. Betre seint enn aldri. Kvaliteten er ikkje den aller beste, men håpar dykk høyrer kor flinke dei er! Sangen er uturlig fin, og eg kjenn det knyt seg i magen kvar gong eg høyrar den.

torsdag, februar 19, 2009

Stress


Eg har eigentlig ikkje tid til å blogge, men kva gjer ein ikkje for sine kjære lesarar?! No sit eg å lagar fjesbokgruppe, og leikar viktig person. Kjenner at stresset bygg seg opp no, så får vel eigentlig gjer ferdig det viktige å hoppe i seng! Stressar du ofte?

onsdag, februar 18, 2009

Brilleslange


Har eg forresten fortalt at eg har fått nye briller? Vel, no har eg. Den første køyretimen blei også utført i dag, og eg skjønnar verkelig ikkje kvifor eg har grua meg. Det er jo så morosamt! Men no må eg springe for eg skal på fotballtrening. Spelar du nokon form for sport?

tirsdag, februar 17, 2009

Æ kan bake.




Sett på livelig musikk, i mitt tilfelle Tone Damli Aaberge - Butterflies, og bak i veg! I dag slo eg på stor tromma og baka kaker igjen. Stefaren min har aldri skjønt teikninga med kvifor baking er så nødvendig, men i dag ombestemte han seg, og syns baking er svært nødvendig. Hihi, æ kan bake! I dag blei sjokoladekaker med den mjuke kjernen fordobla, sidan den blei så populær i forgårs.

mandag, februar 16, 2009

Leksepause


Eg har leksepause, og i dag blir pausa brukt til å bla igjennom bileta til boka på bilete. Eg likar boka særs godt. Gjev du meg den, skal eg gifte meg med deg. Slik nesten. Eg blir i alle fall veldig, veldig glad i deg. Bakinga i går blei forresten vellykka til tusen. Eg fikk nokre gode kaker og ein super glad mamma. Hihi, æ kan bake!

søndag, februar 15, 2009

I den lokale avisa



Eg fant meg sjølv og ungdomsbedrifta mi i den lokale avisa vår i går. Grunnen var at vi var i Næringshagen og presenterte ideen vår, noko eg også skreiv her. Har lest at ein del av dykk no har vinterferie også, noko eg må vente ei veke med å få. Men når den kjem, skal den nytast. No skal eg springe å pakke, før eg skal heim til mamman min. Og bake varme sjokoladekaker med mjuk kjerne, som eg fann på Camilla sin blogg. Kva skal du gjere i din vinterferie?

lørdag, februar 14, 2009

140209

Det er valentines day, og eg har ingen planar om å skrive tusen ord om kva kjærestar kan gjere saman og kva single kan gjere. Du skjønar, eg er eigentlig ingen stor fan av denne dagen. Sjølvsagt kan det vere koselig, men eg syns at i stadan for at vi skal minne kvarandre på at ein er glad i kvarandre den 14. februar, syns eg vi kan gjere det kvar dag. Kvifor ikkje liksom?

I dag var det også UKM, og eg må ærlig innrømme at heimplassen har vanvittig mange flinke personar. Eg satt med gåsehud nesten under heile UKM. Eg er reint imponert. Og eg trur eg snakkar for dei fleste som satt i salen, når eg seier det. Legg ut ein video i morgon, slik at dykk kan få litt gåsehud dykk også. Og eg veit at kvaliteten på videoen er dårlig.


fredag, februar 13, 2009

Fredag den 13.


I dag forsov eg meg, fikk ikkje tid til å pakke, fann ikkje hua mi og eg gløymte nesten dataen min i dag tidlig. Bra start på fredag den 13? Eg var nesten sikker på at denne dagen kom til å verkelig bli ein dårlig dag. Men det snudde, heldigvis. Skulen gjekk bra, jobben gjekk fort og basaren på Hauane var knall! Den søtaste personen i heile verda sendte også den søtaste meldinga eg har fått på lenge. Takk søte, søte deg! Slo også på stortromma og kjøpte søte bøke til mamma og pappa! Bare fordi eg er veldig glad i dei! :-) Er du ein av dei som trur fredag den 13. bringe ulykke?

torsdag, februar 12, 2009

Eg lære aldri



I dag var ungdomsbedrifta mi på Næringshagen å presenterte ideen vår. Og eg dreit på draget. Av og til kjem ein over ord ein har problem med å sei, og eg kom over fleire i dag. Abonnement er eit vanskelig ord, det må eg innrømme! Men som ein god venn av meg seie; det er betre å drite på draget enn å drage på driten. Eg spiste også ein bagett med ost i dag. Ja, du las riktig. Med ost. Eg klarte ikkje å halde meg unna. Bagett med skinke og ost på Hola kiosk er jo verdas beste bagettar. Aldri meir om eg skal inn der. Ein blir frista til tusen. Straffa blei ein mage med mange rare lydar og ein mamma som ler av meg. Flott Eline, flott.

tirsdag, februar 10, 2009

Tilbake


Kanskje på tide å gje eit lite livsteikn? Ja, er vel eigentlig det. Helga var fantastisk og forma begynner å komme seg. Viss du las dette innlegget, så huskar du kanskje at eg hadde litt problem med magen min. Eg tok ein tur til legen, og fikk beskjed om at eg skulle prøve å kutte ut mjølk i nokre veker. (For å sjå om det var mjølka eg reagerte litt på). No har eg gått i ei veke utan mjølkeprodukt, og magen min er nesten i stor form! Så frå no av, så held eg meg unna dei fleste melkeprodukta. Men no trur eg at eg avsluttar dette innlegget, før det blir for mykje surr. Du veit, er det surr i hovudet blir det surr på papiret. Har du noko du held deg litt unna av matvarer?

torsdag, februar 05, 2009

Eg har forelska meg.


Du blei nygjerrig av tittelen du, ikkje sant? Tenkte meg det. Og no lurar du sikkert på kven det er i. Men det er ikkje ein gutt kan eg fortelje deg, det er denne herlige dingsen! Noko så fantastisk. Men for å skifte tema, så blir det nok ingen blogging før søndag/måndag. Så glad som eg er i dykk, må eg jo fortelje slik! Bare så dykk ikkje trur eg har døyd eller noko i den duren. Grunnen er at eg skal på noko som heite så mykje som Workshop. Bileter og kva det er for noko, kjem når eg kjem heim på søndag. Eller måndag. Og dagens spørsmål, er det stemning for ei spørsmålsrunde?

tirsdag, februar 03, 2009

Ingen passande tittel?


Det er tysdag, humøret er for augeblikket godt og eg har ein herlig ting liggande på kjøkkenbenken og ventar på meg! Kan det bli herligare no? Faktisk. Mamma har nesten sagt ja til at dinna søte jenta her og eg skal få reise ei helg til Ålesund og sove på hotell! Blir magen og ryggen bra igjen no, så har vi det supert! Har du hatt ein god dag? :-)


mandag, februar 02, 2009

Utfordring

Eg blei utfordra av både Maja og Sabina.

- gå inn på mine bilder/mapper
- velg den 6. mappen
- finn det 6. bildet
- sett inn bildet på bloggen og skriv litt om det
- inviter 6 nye - link og gi beskjed om utordringen til dem


Er vi ikkje søte vel? Eit av dei herligaste bileta eg har i den 6. mappa mi. Bilete blei tatt under bursdagen til ei av dei søtaste jentene i verda, for omkring 1 eller 2 år sidan. Gullfiskhukommelsen slo vist til igjen.

Og eg utfordra dei som vil! Også kan dykk vere så søte å legge igjen linken til innlegget? :-) Hoho, no får vi sjå kven som tek utfordringa på strak arm her!

søndag, februar 01, 2009

010209



Det er søndag og første februar. I dag har véret vore så fantastisk at ein ikkje skulle tru det var første dagen i februar. Sola skinte og temperaturen var til å leve med. Joggeskoa blei fint plassert på beina, og ein stykk fornøgd Eline la ut på ein herlig tur rundt gangstien! Når ho kom heim igjen, fant stebroren ut at han også måtte ut å gå, så joggeskoa blei atter ein gong plassert fint på beina. Og dinna gongen blei skoa med på ein enda lenger tur. Herlig! No har den blide og fornøgde Eline nettopp komen heim til mamman sin, og har store tankar om å besøke senga si snart. Skal tru om den har sakna ho medan ho var vore bortreist? Eg trur det. Har blitt utfordra av både Maja og Sabina, men det tek eg i morgon! Har véret vore like fint hos dykk i dag? :-)