lørdag, januar 31, 2009

Gullfisken 08

Det er siste dagen i januar i dag. Siste dagen. I morgon er det februar. Er det bare eg som syns tida flyr sin veg? I morgon er det første februar, eller om rundt to timar om du vil. No sit eg å ser på Gullfisken 08. Eg syns ikkje dumme ku reklamen burde vinne, men den som ligg nedanfor. Kva reklame syns du burde vinne?


fredag, januar 30, 2009

Overtrøtt?

Det blese ute og har brukt over eit kvarter på å skrive nokre setningar, for å så slette det igjen. Kanskje på tide å ta natta Eline? Eg trur eg må gjere det snart. Har eigentlig noko interessant å fortelje, men det blir nok ikkje sagt uansett når eg finn på at; no skal eg fortelje det. Men kan fortelje at pappa min er kul. Han var på tv er ein dag. Så no veit dykk det. Dessutan har eg og mamma funne ut at magen min ikkje tolar sjokolade. Hallo? Korleis kan ein leve utan ein så viktig ting? Joda, er lett det. Vi drar litt ironi i den siste der gitt ja.

torsdag, januar 29, 2009

Herligherligherlig

Eg må sei eg nesten elskar deg!


Forresten; viss eg sit forlenge i ro, får eg ilt i høgre del av magen. Noko som gjer slik at eg må opp å gå anna kvar kvarter. Og dermed treng ein ikkje vere rakettforskar for å finne ut at dette er svært irriterandes. Veit du kva det kan vere?

onsdag, januar 28, 2009

Nytt innlegg ja?


Kanskje på tide med eit nytt innlegg Eline? Ja, det er eigentlig det. Akkurat no passar eg veslebroren. Og eg håpar eigentlig at mamma snart kjem heim, for det buldrar litt der han ligg på golvet. Ikkje det at eg ikkje kan å skifte bleie, for eg er ein resar! Trur forresten han også er ganske einig om at jenter i militæret er kule greier! For smilet og latteren kom godt fram. Men no må eg springe, for no var der ikkje fleire smil på lur. Er ikkje langt frå latter til gråt hos dei små nei!

lørdag, januar 24, 2009

Eg må bare




Har du ein song som du bare må høyre ferdig? Michael Bublé - Everything er ein slik song for meg. Ein må bare høyre den ferdig før eg kan høyre ein anna song eller skru av. Eg må bare.

fredag, januar 23, 2009

Blogg quiz


Eg tok dinna quizen her for å sjå kva bloggar eg var. Eg blei Toroborgen, men fann ut at eg måtte ta quizen ein gong til for å sjå om eg klarte å bli ein bloggar med same kjønn som meg. Altså ei jente. Resultatet blei Linnéa! Ta quizen du også for å sjå kva bloggar du er! Kven blei du?

torsdag, januar 22, 2009

Studieorientering


Eg gjekk inn som eit spørsmålsteikn i håp om at det skulle forsvinne, men når eg gjekk ut var eg eit enda større spørsmålsteikn. I dag hadde vi studieorientering, og hadde besøk av både BI, NTNU, forsvaret, høgskule frå både Sogn og fjordane, Volda, Molde og Ålesund, folkehøgskular osv. Måtte sjølvsagt innom høgskulen i Sogn og fjordane, BI og folkehøgskulane. Hadde veldig lyst å høyre på forsvaret, men BI og forsvaret krasja, så det blei ikkje noko informasjon frå forsvaret for min del. Spørsmåla svirrar rundt i hovudet på meg, og vil ikkje forsvinne. Kva vil eg etter påbygging? Skal eg i førstegongsteneste, folkehøgskule, skal eg til Sogndal eller skal eg til Ålesund? Eller skal eg rett og slett til Bergen å gå på BI? Kva ein vil utdanne seg til, er ikkje eit enkelt spørsmål! Verda har jo så mange mogelegheiter. Har du funne ut kva du vil velje til neste år?

onsdag, januar 21, 2009

Gløymeboka


Eg har eigentlig mykje interessant å fortelje dykk, men når eg setje meg ned og skal fortelje så går det i gløymeboka. Men en ting eg huskar, er at eg trur eg har sett ein meteor. Enten det, eller så har jorda snurra veldig fort rundt akkurat då. Eg går for det første! Har du sett ein meteor?

mandag, januar 19, 2009

Tomtomtom?

Eg har ingenting interessert å komme med. Så eg melder om at mobilen i førre innlegg er bestilt og at eg irriterar meg grøn over at dei har sløkt gatelysa i Kjølsdalen. Sonja, tenn dei igjen er du søt? Så sei eg takk for meg, og håpar på at eg ikkje er den einaste som har eit litt kjedelig liv til tider?

søndag, januar 18, 2009

Vingle-Petter


Der finst tusen av dei, og sikkert mange fleir. Og som ein slik vingle-Petter eg er, brukar eg alltid lang tid på å bestemme meg for ting. Uendelig lang tid. Bare å velje kva sokkar eg skal ta på meg, tar ein evigheit. Ok, det kan kanskje ha litt med at eg har alt for mange sokkar. Men, tilbake til saken. Eg smurte på meg englefjeset mitt og spurte ho mor så fint eg kunne, om eg ikkje kunne få ein ny telefon. Og trur ikkje du ho sa ja? Det var like før eg måtte spør om ho hadde feber. Så no har eg leita litt rundt etter nokre mobiltelefonar som verkar bra, men som ein vingle-Petter eg er, tar det evigheiter. Så kjære leserar, trur dykk denne er bra?

fredag, januar 16, 2009

Ein heilt vanleg skuledag



Ein heilt vanleg skuledag for sal, service og tryggleik!

onsdag, januar 14, 2009

Onsdagonsdag


Eg føler eg er blitt ganske flink til å bare kjøpe det eg treng. Trur eg har brukt over ein time på å skrive dette innlegget også. Men i staden for å skrive noko som blir sletta om fem minutt, lat eg vere å skrive noko om følelsar og slikt. Eg får heller finne bestevennen i morgon å snakke. Dykk er forresten blitt ganske flinke til å kommentere, blir ganske så glad av kommentarar! Men trur eg endar eit kjedelig innlegg der, og sei god natt :-)

tirsdag, januar 13, 2009

1 eller 2 ?






Dette er det eg driv med, i staden for å gjere lekser. Smart? Absolutt ikkje. Kva syns du eg burde velje?

mandag, januar 12, 2009

A eller B?


Den trefte. Eg er eit A-menneske i stor grad. Sjølv om eg likar å sove lenge i helgene, likar eg enda betre å stå delvis tidleg opp. Dette har kanskje noko med at hovudverken og latskapen kjem mykje enklare om eg søv lenge, enn om eg står tidleg opp. Er du slik som meg, eller er du ein skikkelig B-person?

søndag, januar 11, 2009

System i rotet


Nokre dagar før det nye året kom, fann eg ut at eg ikkje kunne gå det nye året i møte med eit bomba rom! Så eg tok fatt i støvkluten og støvsugaren, og rydda både rommet og klerommet mitt. Og når eg skriv ryddar, meina eg alt! Alt frå skuffar til hyller. Eg fann så uturlig mykje fine minner, minner som fikk tårene fram, minner som fikk smilet om munnen og minner som fikk det sinte fram i meg.

Klerommet var i seg sjølv eit eige prosjekt! Fann ut at eg hadde meir kle enn eg eigenlig trudde eg hadde, og alt for mykje dill dall. Men system blei det i rotet, og ein stykk fornøgd Eline gjekk det nye året i møte! Sjølv om ho støvsugde rommet sitt eit kvarter før det nye året intraff.

lørdag, januar 10, 2009

Støvlar


Støvlar er noko ein verkelig treng no om dagen, så eg tok like gjerne å kjøpte eit par i dag! Leggbeskyttarar blei også kjøpt, sidan fotballen no er begynt. Herlig herlig. Ansiktsbehandling hos Anne Tove blei også tatt i dag, og det anbefalast på det sterkaste! Nokre fleire enn meg som sit heime ein laurdagskveld?

fredag, januar 09, 2009

hjartehjartehjarte


Eg er blitt avhengig, virkelig. For meg hjelp biola med å halde magen min i sjakk, sidan den lev i sin eigen verden til tider. Min kjære biola bringebær var i dag tom, og magen min var heilt koko. Kjære gud, lat det aldri bli tomt for biola bringebær i kjøleskapet igjen, aldri!

torsdag, januar 08, 2009

Dårlig kombinasjon


Og slik såg vi ut i dag. Er det bare her det har begynt å regne forresten? Snø og regn er ein dårlig kombinasjon. Fleire som er einige? Nokon som forresten såg i europrisreklama her ein dag? Såg dykk joggeskoa som var der? Slike kjøpte min søte, snille mamma til meg. Dei er faktisk ganske go å gå i. Også slo eg på stortromma og kjøpte denne herlige veska!


onsdag, januar 07, 2009

Skal eller skal ikkje?

Eg vurderar å ikkje gifte meg, og du lurar sikker på om eg har blitt splitter pine gal. Både fordi eg tenkjer på dette i min alder og fordi eg lurar på om eg skal det eller ikkje. Men eg har faktisk ein gong drømt meg vekk i tankane om at ein dag skal eg gifte meg med den perfekte! Eg har drøymt om brudekjolar, slør eller ikkje slør, ute eller inne, vinter eller sommar. Eg har gjort slik som mange andre jenter har. Men no har eg så og sei lagt tanken langt vekk. Eg har blitt ein person som trur at ein kan leve alle sine dagar lykkelig, som ugift. Saman med med den perfekte, sjølvsagt! Eg følar at dei fleste no til dags skil seg, inkludert mine foreldre. Kanskje dette har noko med endringane på mitt gifte-syn? Men kven veit, kanskje eg ein dag skiftar meining og giftar meg med mister perfekt?

tirsdag, januar 06, 2009

Slapsevéir


For eit slapsevéir, og er det i det heiletatt eit ord? Snø og regn er ein veldig dårlig kombinasjon, spesielt når eg ikkje har tid om morgonen til å tenkje over kva sko eg hiv på meg. Men i morgon kjem vinterskoa på! I morgon blir det også kurs i økonomi og marknadsføring, for oss som har ungdomsbedrifter i klassa. Skal bli spanandes! I dag var også starten på mitt nye liv, og humøret er så mykje betre! Så gutta; tusen takk! Steike, outfit bilde to dagar på rad. Imponerandes, sjølv om min klesstil ikkje akkurat er verdens beste!

mandag, januar 05, 2009

Første skuledag


Første skuledag. Eigentlig ganske deilig å begynne på igjen. Tilbake til kvardagen og rutiner. Fotballtrening i dag også, noko som også var ganske deilig å begynne på igjen med. Kjente det var lenge sidan sist, men det kjem seg. I morgon er det bading, så får springe og finne fram bikinien igjen! Korleis var din første skuledag?

søndag, januar 04, 2009

Julegåver






Nokre julegåver. Ønska meg ikkje så mykje i år, men fikk ganske mykje nyttig og kjekt! Kva fikk du?

lørdag, januar 03, 2009

Første gongen feilar ein som regel?



Klarar du å gjette kva eg har styrt med?
Viss du tippa spray tan tippa du heilt riktig! Eg tenkte eg skulle prøve ut spray tan og gjere eit forsøk på å bli litt brunare når vi skulle gå inn i det nye året. Mamma lovde dagen før at det kunne ho fint hjelpe meg med, men dagen kom og mamma fikk det travelt med andre ting. "Kan ikkje du vente til i morgon da?" Sjølvsagt kunne eg jo ikkje vente når det nye året var nærare enn nærmast. Eg måtte altså klare meg sjølv. "Du må ut i garasjen og gjere ditta der, for eg tar ingen sjansar på ar det blir brune flekkar over alt på badet ditt!" F-L-O-T-T. Så eg drog med meg broren min på 12 år ut i garasjen. I 2 pluss grader stod eg i bare trusa ut i garasjen, med broren som handklehaldar. Eg blei litt brunare enn andre plassar her og der, men første gang brukar ein å feile. Er ganske fornøgd med Garnier sin no-streaks bronzer multi-position self-tanning spray!

Ingen veg tilbake


Internettet er oppe å køyre igjen, og mamma har fått en stykk fornøgd Eline igjen! Klokka 23:56 blei eg klar for å gå inn i det nye året, allikavel. (Korleis skrive ein det?)

2009 har komt, og det er ingenting vi kan gjere med den saken. Året som gjekk har vore blanda til dei grader, det har eigentlig vore det året der det har skjedd mest. Minner har blitt tatt med vidare og nokre har blitt gløymt(les: prøvar å bli gløymt). Skal ikkje seie år totusenogåtte var eit dårlig år, for det var det ikkje. Bare det siste halvåret, det første var nesten perfekt. Det siste brasa bare litt saman, med tanke på at det blei slutt mellom meg og joakim og at kroppen min slutta slik halvvegs å fungere skikkelig. Det positive var at veslebroren kom, som forresten har fått namnet Daniel.


Korleis var ditt 2008?