søndag, august 31, 2008

Og den luktar


Eg er sikker på at dykk ikkje har ein slik ein i fjæra dykkar. Men Marita og meg har ein slik ein. Og den luktar. Den er litt morosam, men og litt rar. Trur eg har vist den til dei fleste som har vore på besøk med meg i det siste, sjølv om det ikkje er så mange.

fredag, august 29, 2008

Header


Eg treng ein ny header. Og eg har høyrt at du er ganske flink til det :) Så viss du har lyst å lage ein til meg , sende du ein bare til ; eline007@online.no. Så er du søt ! :) Teksten kan vere "frokenlund" eller "froken lunds skrivebok" og du kan bruke det biletet som er i posten under. Lyst å bruke andre bilde, skriv :)

Takk på førehand, søtingar ! :)

torsdag, august 28, 2008

Kroppen min kriblar



Eg lurar virkelig på kva som skjer! Humøret har gått frå å vere langt nede til å vere på topp. På ein to tre. Og gud så herrleg det er! Smilet mitt går frå øyre til øyre og kroppen min kriblar.
Nokre andre som følar det slik?

onsdag, august 27, 2008

Så då blir det ikkje tid til lekser

Eg prøvar å gjer lekse, men når ein er ukonsentrert så er det litt vanskelig. Men besøk får eg om litt under ein time, og då står pizza og ps2 på planen. Så då blir det ikkje tid til lekser.

tirsdag, august 26, 2008

Eller når eg har klart å roa meg.

Trur eg får lyst å blogge igjen, kvar gong eg skriv at eg ikkje kjem til å blogge på ei stund. Så her sitt eg altså å skriv, på kjøkkenbenken. Klokka er litt over halv 8 og eg lurar på korleis dagen kjem til å gå. Slik som dei andre dagane? Eller skjer det noko anna i dag? Håpar det skjer noko anna, for eg er lei av å gå slik. Lei av alt, for å seie det rett ut. Eg trudde verkeleg eg skulle få dette til, men eg har starta å tvile på meg sjølv. Sjølvsagt har eg lyst å klare det, men det ser mørkt ut no. Hjertet mitt er rett og slett knust. Sei bare respekt til dei som har kome seg gjennom ein kjærlighetssorg! Trur ikkje ein skjønnar kor vanskelig og tungt det er før ein opplev det sjølv. Og akkurat no er det nokon av dei høgare kreftene som syns at eg skal gå igjennom dette. På den vanskelige måten. Alt skjer nemleg rundt meg no. Sjølvsagt kan verre ting skje, men for meg er dette i det tyngste laget. Så viss du har noko å fortelje meg som du ikkje har turt før, men syns at eg burde vite, kom med det no. Det kan ikkje bli verre enn kva det er.

Bloggen min har blitt ein syte blogg, men akkurat no treng eg ein plass å skrive, så dette blir plassen. Eg skal snu bloggen min frå å vere syteblogg til den bloggen den var før, når det meste har roa seg. Eller når eg har klart å roa meg.

søndag, august 24, 2008

Snakkast folks .

No har eg vert lenge vekke frå blogginga, og det trur eg at eg forblir ei lita stund til. Der har skjedd så mykje i det siste, men eg kjem tilbake når alt ordnar/roar seg, om det gjer det. Og viss dykk som kjem her eg kjem frå høyrer rykter, ikkje tru på dei. Folk overdriv!

Snakkast folks :)

søndag, august 17, 2008

Eg klarar det bare ikkje.

I går var det ei veke sidan det skjedde, og eg må seie det føltes rart. Vi snakka heller ikkje saman i går, noke som også føltes rart. Men det er vell slikt eg må leve med frammover, sjølv om hjertet mitt protesterar ein del på det. I går var vell eigentleg ein dårlig dag utan om det som har skjedd og. Der kom ein haug med kundar klokka 3, akkurat før eg nådde å stenge, eg kutta fingeren min så det begynte å blø ein heil del og eg var rett og slett ikkje i godt humør. Lurar på korleis det skal bli å begynde på skulen igjen og. Og korleis det blir å møte alle folka igjen. Håpar ikkje alle kjem å spør korleis det går med meg, spesielt ikkje når der er mange menneske. Det er då tårene renn. Hjertet mitt lengar, heile meg lengtar etter deg. Sjølv om eg ikkje vil innrømme det, så må eg vel snart bare gje slepp på følelsane mine. For eg kan ikkje leve i håpet om at du ein dag vil komme tilbake til meg, for alltid. Det klarar ikkje kroppen min, eg klarar det bare ikkje.

lørdag, august 16, 2008

'cos I love you so


You don't wanna hurt me, baby don't worry, I ain't gonna let you
Let me tell you now
My love is strong enough to last when things are rough
It's magic
You say that I waste my time but I can't get you off my mind
No I can't let go
'Cos I love you so

tirsdag, august 12, 2008

Ei tåre av lengsel og savn

Håpet er der forsatt. Tankane vil ikkje gje slepp på tanken om at alt kan bli som før. Eg er nesten som nyforelska i deg igjen, bare med at eg elskar deg. Så høgt. Idag var første dag på jobb etter laurdag. Du kom innom, og sa hei. Eg hadde bare så lyst å hoppe på deg, gje deg ein klem og eit kyss på munnen. Eit slikt kyss som du elskar/elskte at eg gjev/gav deg. Eg hadde så lyst, men kunne det ikkje. Minnene kom, sangane som har blitt "vårast" sangar, spelte gjennom hovudet. Tårene pressa på, men eg holdt dei igjen. Når du sa hade og gjekk, trilla der ei tåre. Ei tåre av lengsel og savn.

Og viss du les dette , så vil eg at du skal vite at det er verdt eit forsøk.

mandag, august 11, 2008

Skulle ønske alt var som før ..

Tanken på å leve utan han, er forferdelig. Dagane virkar som ein evigheit, som bare går og går og aldri endar. Følar eg ikkje har kjempa nok for å behalde han, men det er vel ikkje meir å gjera. Sjølv om eg har lyst å kjempe om å få han tilbake. Det er nok over no, noko eg ikkje klarar å innsjå. Eg drøymer om at han skal kome tilbake til meg, men eg kan ikkje drøyme slike ting. For det skjer truleg ikkje. Det kjem ikkje til å bli lett frammover. Men eg håpar eg klarar det. Eg må nok gjennom mange spørsmål og mange tårer. Både for meg sjølv og forran andre. Er der ein plass eg ikkje har minner med han, så kjem eg nok til å vere der til det sluttar. Minna er overalt. Dei sitt som støypt i hovudet. Budalen, nyttårs afta, alle vennekveldane, dagane der det bare har vert oss to. Der er mange gode minner. Håpar å skrive kjem til å hjelpe, det føles iallefall litt slik akkurat no.

Skulle ønske alt var som før .

søndag, august 10, 2008

Eg lev, nesten


Eg er komen heim for lenge sidan, for 3 dagar sidan for å vere meir presis. Balestand var kjekt og der var uturlig kjekke folk frå USA og Danmark. Og eg har lagt bildene ut på fjesboka, men sjølvsagt kjem her også nokon her.
Men grunnen til at eg ikkje har blogga er at det er slutt mellom Joakim og meg. Kan hende det ikkje blir så mykje blogging frammover, for eg føle meg ikkje heilt på topp. Heldigvis har eg verdens beste venna!

lørdag, august 02, 2008

Slett?

Eg sletta forrige innlegg. Alt ordna seg, og eg er overlukkeleg! Førde var som sagt herleg, og eg elskar å vere saman med kjæresten og familien hans. I morgon reisar eg til Balestrand, for å delta som ein av dei første i Noreg på entreprenørskapscamp. Og eg gruar meg! Alt kjem til å foregå på engelsk, sidan der kjem nokre frå USA. Men der kjem også nokre frå Danmark, så då skal eg ikkje klage. Sidan eg no blei i så godt humør igjen, skal eg prøve å blogge i morgon. (Eller sidan klokka er over 00:00, så blir det idag) Kjæresten min kjem nemleg også, så då blir nok humøret enda betre. Snakkast søtingar :)